fredag 15. august 2008

Jaa, endelig Weekend :D yay!
Dagen i dag har vore lang og slitom! Sto opp litt før 5, og ornda meg og pakka tinga mine. Så kom Kelsey og henta meg, så for vi på trening. Det var hardt! Sprang 3 miles i dag med. Når vi var ferdig of dusja å sann, åt vi frokost på et av klasseromma, så hadde eg foresten test i matte i dag med, tru det gjekk bra. Og på skulen hadde eg gym (spelte softball) og Dans. I gymmen er vi 6 jenter og over 40 gutter! Så det er ei ganske stor klasse. Men det er veldig kjekt.
Etter skulen svømmte eg med laget, og det var veeeeldig hardt. Var ikkje noko "berre for moro" svømming nei! Og etter svømminga hadde vi 10 min på å skifte og gjer oss klar for springing .. igjen! Sprang 3 miles då også, og tok en bunsj med sit-up's når vi var ferdi. Eg var så daud når e kom heim, så e berre datt opp i senga, og blei liggjande i nokre minutt før e måtte dusje, for Kelsey og Emily kom å henta meg igjen kvart over 6.
Var hos Kely, der vi hadde "Ice Cream Social". Det var kjempe koslig, og der var masse folk :) Fekk servert is, med all slags topping på (brownie,m&m,sjokolade,gummibjørna,muffins ++).

Å en ting e he fønne ut : Ingen her he percing eller bruka sting truse eller dusja naken !!
Av og til blir eg litt oppgitt over folka her xD Men dei er driiiiitheldige da, for alle vennane mine har bil :D Ska sikkert snart ta lappen her eg med da, men eg kan ikkje bruke den her ifølge reglane ! Stupid rules ! :S
Men ja, ska ha trening i morga tidlig kl 8, så må vell stå opp kl 7 i morga (på ein lørdag !! :/), men eg overlev. Eg skal ikkje bli feit her nei ! Tru faktisk at e kanskje he lagt av me :D hehe ;)

Off, har masse lekse til og med i helga :S Ekje berre og berre nei.
Men har det kjempe kjekt, og berre 35 veke igjen med skule, så det er ikkje såå gale ;)

Jippi, første veka med High School is DONE! :D

1 kommentar:

monica sa...

gratulere med første veke=)