tirsdag 19. januar 2010

Eventyret fortsettar...

No er ferien over, og det er på tide og få ræva opp av sofaen. Ikkje det at eg har løgge på latsida i ferien, men verden er stor og er klar for å opplevast til det fullaste. Ut på tur, aldri sur.

Denne gongen var målet; London. London er ein fantastisk by med omlag 7,8 innebyggjerar. Er du ute etter storbyliv, ja då er dette plassen å reise til. Eg, Marte og Juliane bestilte desse London-bilettane veldig spontant i haust. Ryanair.com har mange godt tilbud, check it out! MEN som vi har erfart, er det å komme seg til Torp flylass mykje dyrare enn sjølve flybilettane, så pass på!

Turen starta med ein vakker dag i Oslo, sa eg vakker? Vell, litt regn må ein jo tåle dersom ein er frå Noreg. Etter å ha tatt flyet kl 0700 frå Vigra flyplass, gjekk eg rundt aleine i Oslo sentrum i mange timar før Juliane kom og møtte meg. Eg hadde då prestert i å gå inn og ut frå Oslo City over 100 gongar, søvna på ein Cafe, ringt mamma 10 gongar på grunn av kjedsomhet og ikkje minst søtte på gata og ete min GRATIS Vita Hjertego matpakke som eg tilfeldigvis fekk der eg gjekk rundt som eit forvirra vesen. Frå bygt til by. Men det vansklege på turen var alle butikkane!! SALG,SALG,SALG!! og alle som kjenner meg veit kva dette betyr! .... Wææ .. Eg må berre seie eg klarte meg heilt fint heilt til.. Juliane kom! Jadda! Shoppoholics er nok det rette ordet som kan definere oss. Vell vi endte opp med gensere, sko, skjerf, jakker, smykker +++. Og dette dagen før vi skulle til London, nokon lærer berre aldri. Vi er nokon. Seinare møtte vi Marte. Gjengen var endeleg samla. Så kosligt! J

Turen vidare gjekk til Nøtterøy, der vår gjestfrie venn, Edvard henta oss på togstasjonen. Det endte med ei lang natt der vi alle satt på rommet og snakka om alt og ingenting, uten å gå inn på meir detalja. HA HA!

Neste dag, altså fredag var vi alle reiseklare. Slik såg eg ut på flyplassen.

Kvifor? Jo, på ryanair har ein kun lov til å ha med seg ein handbaggasje, eg hadde to, FØR dette. Eg tok på meg stort sett alt det eg hadde, og sjølvsagt måtte det pipe i sikkerhetskontrollen.. Men eg hadde flaks, trengte ikkje å ta av meg alle dei antrekka som satt klistra på kroppen, var berre noko eg hadde gløymt i lommene.

Etter ei lang reise kom vi endeleg fram til hotellet. Det var kjempekoslig. Ein powernap hjalp på, og vi kom oss tilslutt ut døra. à LONDON BABY!!! here we come!

Først gjekk vi berre rundt for å gjere oss litt meir kjend i denne store byen, deretter fekk vi fri inngang til ein veldig bra bar/club som vi satte oss ned på. Musikken og drikka var topp, og dette ga meir-smak. (Vi vurdere no å flytte hit hausten 2011, dette er ein av mine 4 392 942 planar i livet! ha ha.). Vell dette kan eg komme meir tilbake på seinare. Vi tek alt som det kjem. Denne kvelden varte ikkje så lenge, på grunn av ein lang dag med reising. Vi var derfor slitene og gjekk heim for å søve.


Laurdag. Frokost = English breakfast. Heilt greit eigentleg. Etter ein litt vel lang 5 minutters på hotelrommet, var det tid for litt sightseeing.


Dagen var grå og regnfylt, men med god plannlegging ordner alt seg. Vi stakk på musikal. The Lion (the) King. Eg har aldri vore på musikal før, og var veldig spent. Og det hadde eg grunn til å vere! Musikalen var kjempebra, samansatt av bra musikk, store fasinerande scener, kreative og fantasifylte kostymer og flinke skodespelarar. Fleire musikalar blir det nok på meg i framtida. Kjekt! Etter denne lange musikalen var vi klare for litt god mat og endte opp på steak house. Ein kjempe fin og koslig restaurant rett ved theateret. Maten var sååå godt, og vi var stappmette når vi gjekk det i frå.

Så gjekk vi heim. Tre slitene jenter låg langflat i sengene sine, og søvna ganske fort. Neineinei, her er det noko som ikkje stemmer... søve på ein laurdagskveld i London. Nei vi tok på oss finstasen og satte kursen mot The Fabric.Vi kan vell alle seie oss einige i at vi var ganske lost ei stond, men så tok vi til fornuften å fann ein taxi som kjørte oss til det som skulle vise seg å vere slummen av London.

Fabric var noko heilt anna enn kva vi hadde forventa oss. Vi var ikkje inne lenger ein max 2 min. før vi fekk pengane tilbake og gjekk der i frå. Neste mål var piccaldelly circus. Der måtte vi jo finne noko bra, og det gjorde vi. Cafe de Paris er absolutt til å anbefale. Passleg stort og bra beliggenhet. Kom også inn på VIP. Her vart spandert på nok av sprit for å seie slik. Dette var ein kanon kveld på byen!! Girls just wanna have fun J


Vi ver heime i 5 tida, og langt ut på dagen. Deilig å vere utkvilt. Vi bestemte oss for å finne ein plass vi kunne ete frokost, og Juliane foreslo sjølvsagt Indisk mat. Joda, eg og Marte gjekk med på den. Men aldri meir! Indinska mat er altfor sterkt for min munn og ikkje minst mage. Skulle tru heile kroppen etsa opp av all den streke maten, huff.. Etter ein nokså umenneskleg frokost gjekk vi innom ein Internetcafe, der vi fekk frå oss facebook-daily-behovet vårt. Så gjekk vi vidare.


I <3 Mondays. Vertfall denne mandagen.

Tirsdag. Juliane måtte tidlig opp. Ho reiste frå hotellet i 6 tida, medan eg og Marte fekk søve lenge. Vi var ute av hotellet kl 10, og hadde framleis god tid på oss til å vandre litt rundt om kring. Vi var forventningsfulle då vi gjekk bort til London Eye, men gratis inngang hadde då stengt for 30 min. sidan, og vi bestemte oss for å ta en “Kaffi” på ein Starbucks i nærheita av Oxford Street. Det var deilig og ha god tid.

Etter å ha hente tinga våre på hotellet reiste vi inn til flyplassen, der vi hadde 4 timer på oss før flyet gjekk. Marte søv, eg skreiv kort. Flyturen gjekk veldig bra, og vi søv mesteparten av tida. Btw så er flyseta til Ryanair noko av det verste eg har vore borti. Vi var berre veldig låke i ryggen då vi var framme på Torp. Her måtte våre veger skillast, og eg tok fram min skrøplig-gamle data som lever sine siste dager. Trist.

Over 12 timar på Torp flyplass er vell ikkje noko å rope hurra for, men eit pluss skal dei ha. Gratis internett-tilgang! Det er ikkje alle flyplassar som har, og det setter eg stor pris på. Etter mange lange nattetimar var endeleg gaten min oppe, og eg var klar for å sette meg på flyet som førte meg til varmere strøk.