tirsdag 7. september 2010



BLOGG

Dagane susa forbi som skye på himmelen. No har nesten 3 veke gått! Forje veke var veldig vanskleg skulemessig. Anatomi (skjelett og muskulatur på latinsk) er ikkje så lett å få inn på ei veke. Men har lest mykje, og føler eg har klart meg greit til no. Denne veka lærer vi om styrketrening, og skal blandt anna jobbe med gruppearbeid, noko eg gleder meg til.

Men vi har jo mykje fritid også. Og som sikkert alle veit, så kan eg å bruke den rett!! Viva la vida, ALLTID J Fredag var eg med på surfekurs. Det var kjeeempekjekt! Surfebrette mitt derimot har eg ikkje fått bruk for enda. Eg ventar enda på at dei store surfebølgene skal komme til Sanur, her eg bur. Om 2-3 veke skal visst forholda blir nokså bra til surfing også her!

Laurdag sto eg opp tidleg for å henge meg på dykkerkurs. Eigentleg var eg påmeldt ein kurs som skulle starte om nokre veker, men så lur som eg er, møtte eg berre opp på den første gruppa, og sjølvsagt var ikkje alle møtt opp, så då fekk eg plass på kurs 1. Heile dagen gjekk med til dykkerteori. Men det gjekk veldig greit, vi fekk til og med kjøttkaker med brun saus og kokte potete. NAM!

Ut på laurdagskvelden gjekk vi ut på restaurant å åt god mat, for så å rase vidare til BEACH PARTY! festkomiteen hadde gjort ein bra jobb, og badestranda var pynta klar til fest. Det var god stemning, og etter nokre timar bestemte vi oss for å fare ut på byen i Kuta, der det osar av 6 etasjes klubbar. å som alle andre kveldar, tok også denne kvelden heilt av!! Turen heim med taxi var også veldig kjekk! Vi var i godform, og laga nok underhaldning for taxisjåføren. Norske sangar falt i smak.¨

Søndagsmorgon var det på ann igjen. Sto opp kl 0814 (FLINK;)), åt frokost og kom meg på dykkerkurs. Denne gongen var vi klar for å entre bassenget. Vi brukte heile 6 tima i bassenget der vi gjorde ulike øvelsar, og vart kjend med utstyret. Når kl 1800 var vi endeleg ferdig med dykking og teori!! ... Sliten og trøtt då med andre ord. Men etter ein frisk dusj, bobla energien igjen, og eg stakk bort til nabojenten der vi dansa, spelte kort og berre tulla. Men skal seie eg søv god når eg først la meg til å søve. Deili!

Mandag var det på ann på ny veke. Vi begynte skulen kl 12 :D og var ferdig kl 1400. Ikkje feil det nei! ;) Etter det åt vi på restaurant, spelte kort og bordtennis. Vi klare til og med å konserntrere oss litt, og fekk gjort unna litt lesing.
På kvelden bar det til treningsentere som vi har tilgang til når vi vil, der eg deltok på yogatime (noko eg har tenkt å fortsette med), så avslutta vi med litt styrketrening på slutten.


Vi har nok å gjere her på Bali, aldri kjedleg! Men FAKTISK så syns eg at sola blir LITT for varm til tider, tilsaman på 3 veker har eg kun løgge i sola i 1 time! Får nok av varme i skyggen, og brunfargen stressa eg ikkje med i det heile tatt! Har framleis fleire veke igjen! Gleda meg faktisk til å komme heim til Noreg. Snø og kulde.. og ken skulle trudd eg sa det. Men tru faktisk det blir veldig digg etter å ha vore her i 3 mnd. Ventar enda på returdatoen min, så er hyppig å sjekka mailen min ofte for tida. Gleder meg kjempemykje til å jobbe som reiseledar i Alpane i vinter!! Hohoo.



Nok ei veke er over. SJUKT! skjønna ikkje kor tida blir av, eg har allerede vore her i 4 helge! Om veka så var:

Tirsdag hadde vi store plana om å stikke på fotballtrening etter at vi hadde lest, å ete på restaurante. Cecilie skulle berre skifte kle (noko som tok si tid), og når vi kom ut igjen hadde alle føre. Sida fotballtreninga på tirsdagar er 30 min unna, gadd ikkje vi å bruke pengar på taxi. Kvelden gjekk med på bordtennis, One Three Hill sjåing og youtube. Sann kan det gå :P

Onsdag: Etter skule og trening, stakk eg til Kuta der eg møtte Rikke og Anne-Marte :D Det var kjekt å sjå dei igjen, og høre korleis dei har det på Gateway J Vi åt på pizzahut og gjekk rundt på kjøpesenteret. Koslig!

Torsdag: Har ikkje trena so mykje på mange år!! Når skulen var over for vi til treningssenteret der vi trena styrke i mage, legg, lår, rygg, armar og bryst. Og ikkje nok med det, på kvelden var det fotballtrening frå 5-hal7! SLITEN med andre ord. Skal seie eg fekk søve godt den natta. Deilig å få kjørt seg litt ;)

Fredag klarte eg å drage med meg Ekta og Cecilie til kjøpesenteret der eg klarte å svi at nok med peng. Eg kjøpte meg 5 treningstoppar, 2 treningsjakker, 1 par fotballsko, 1 sekk , 2 caps’a og 1 sportsbh. Alt dette for under 1000 lappen var ikkje so gale! Men det var noko eg faktisk trengte, så no skal eg ikkje kjøpe noko meir på leeeeenge vertfall : )
Fredagskvelden gjekk med til å berre slappe av og sjå på One Three Hill med Cecilie.

Laurdag var det på ann igjen med dykking! :D Åååå eg elskar dykking! Denne dagen var det første dykket i sjøen, spennande! J Vi var samla heile tida, og øvde på ulike øvelsar på overflata. Vi var nede på 7,8 meter. Sjøen/havet er så sjuukt spennande. Berre på den “kjedlege” plassen vi dykka på såg vi mykje forskjellige fiskar (det er litt meir eksotiske fiskar her enn den torsken vi har i Noreg) og sjøstjerner. Gleder meg allerede til dei 3 dykka vi skal ha neste helg!! Då satsar eg på å sjå hai, noko som er ein stor drøm :D Eg svøm ikkje opp til overflata igjen før eg har sett hai! Sann er det berre!
Då eg kom heim drog Kristina meg med til ein kakebaker der vi kosa oss med brownie og sjokoladeis, NAM!
Seinare på dagen måtte eg sjølvsagt ha min daglege dose med ettermiddagskvil før eg og Marte rasa ut på byen.
Laurdag = fest. Det tok ikkje lang tid før vi fann eit vors, nemleg på klasserommet. Kvifor ikkje!?:P og so ivrige som vi var, var vi på uteplassane i Kuta allerede kl 21!
Og ein kveld ute i Kuta slår aldri feil, eg hadde det kanonakjekt! Og om ein kan kalle Alfaz “lille Norge”, då lurer eg på kva vi skal kalle Kuta på ein laurdagskveld! Det kryyyr jo av norske studentar, norske barar og vi møtte òg ein norsk DJ.
Normenn er verdensherskarar!
Etter ei lang, men samtidlig kort natt avslutta vi med nattmat på Mc’eren. Ikkje det at eg er så stor fan av McDonalds, men eg blir alltid nedstemt...
Kl 0515 var eg vertfall komt att, og søvna jammen og det fort. Kl 0915 var det opp igjen til ein ny dag og BADELAND.

Badeland er kjempekjekt, alltid! :D Vi tok mange kjekke sklier, men den verste var ein der ein måtte stå inni eit lite “rom”, der ein venta i 2 sek, før golvet opna seg og ein datt ned i ei sklie i ei raskande fart! Superartiiiiiii.
Til middag åt eg snitzel, nam nam, var svært mettande. Og no ligg eg her kl 2300 på senga, har akkurat våkna opp frå ein 7 timers ettermiddagsøvn!!! Kristina (min romkamerat) er overbevist på at eg ikkje får søve i natt, men der tru eg ho tek feil, eg er nemeleg stuuuptrøtt enda, skjer med meg?? Bali er slitsomt, slik er det berre :P

Bloggen min har blitt litt kjedlig med tanke på at eg aldri lastar opp bilder, internett her er veldig treigt, og det tek timesvis å laste opp. Sjekk derfor ut Bali album på facebook ;)

Go natt : )

fredag 20. august 2010

BALI

No har eg tatt ei laaaaaaaaang pause med blogginga! Men denne pausen er no OVER:D

No er eg nemleg på Bali her eg studera PT i Fitness med Active Education. Eg bur i ein liten by som heite Sanur. Sammen med Kristina, frå Trondheim bur vi i bungalova, noken veldig søte små hus.
Livet her er veldig roleg. Vi har mykje tid til soling, shopping og bading. Eg har også kjøpt meg eit surfebrett, som eg håper eg får utnytta godt medan eg er her.

Kvardagen går med på ein del forelesingar, praksis og lesing på eigen hand.
Til no har vi fått sett ein del, men eg har enda 3 månedar med spennande opplevingar i vente.

Denne helga skal vi sole oss, shoppe, ut på byen i Kuta, og på utflukt til ei fantastisk fin badestrand der vi skal snorke og kose oss.

Eg har også meldt meg på dykkerkurs, så i september byrja eg med dykkerlappen :D

Følg med

tirsdag 19. januar 2010

Eventyret fortsettar...

No er ferien over, og det er på tide og få ræva opp av sofaen. Ikkje det at eg har løgge på latsida i ferien, men verden er stor og er klar for å opplevast til det fullaste. Ut på tur, aldri sur.

Denne gongen var målet; London. London er ein fantastisk by med omlag 7,8 innebyggjerar. Er du ute etter storbyliv, ja då er dette plassen å reise til. Eg, Marte og Juliane bestilte desse London-bilettane veldig spontant i haust. Ryanair.com har mange godt tilbud, check it out! MEN som vi har erfart, er det å komme seg til Torp flylass mykje dyrare enn sjølve flybilettane, så pass på!

Turen starta med ein vakker dag i Oslo, sa eg vakker? Vell, litt regn må ein jo tåle dersom ein er frå Noreg. Etter å ha tatt flyet kl 0700 frå Vigra flyplass, gjekk eg rundt aleine i Oslo sentrum i mange timar før Juliane kom og møtte meg. Eg hadde då prestert i å gå inn og ut frå Oslo City over 100 gongar, søvna på ein Cafe, ringt mamma 10 gongar på grunn av kjedsomhet og ikkje minst søtte på gata og ete min GRATIS Vita Hjertego matpakke som eg tilfeldigvis fekk der eg gjekk rundt som eit forvirra vesen. Frå bygt til by. Men det vansklege på turen var alle butikkane!! SALG,SALG,SALG!! og alle som kjenner meg veit kva dette betyr! .... Wææ .. Eg må berre seie eg klarte meg heilt fint heilt til.. Juliane kom! Jadda! Shoppoholics er nok det rette ordet som kan definere oss. Vell vi endte opp med gensere, sko, skjerf, jakker, smykker +++. Og dette dagen før vi skulle til London, nokon lærer berre aldri. Vi er nokon. Seinare møtte vi Marte. Gjengen var endeleg samla. Så kosligt! J

Turen vidare gjekk til Nøtterøy, der vår gjestfrie venn, Edvard henta oss på togstasjonen. Det endte med ei lang natt der vi alle satt på rommet og snakka om alt og ingenting, uten å gå inn på meir detalja. HA HA!

Neste dag, altså fredag var vi alle reiseklare. Slik såg eg ut på flyplassen.

Kvifor? Jo, på ryanair har ein kun lov til å ha med seg ein handbaggasje, eg hadde to, FØR dette. Eg tok på meg stort sett alt det eg hadde, og sjølvsagt måtte det pipe i sikkerhetskontrollen.. Men eg hadde flaks, trengte ikkje å ta av meg alle dei antrekka som satt klistra på kroppen, var berre noko eg hadde gløymt i lommene.

Etter ei lang reise kom vi endeleg fram til hotellet. Det var kjempekoslig. Ein powernap hjalp på, og vi kom oss tilslutt ut døra. à LONDON BABY!!! here we come!

Først gjekk vi berre rundt for å gjere oss litt meir kjend i denne store byen, deretter fekk vi fri inngang til ein veldig bra bar/club som vi satte oss ned på. Musikken og drikka var topp, og dette ga meir-smak. (Vi vurdere no å flytte hit hausten 2011, dette er ein av mine 4 392 942 planar i livet! ha ha.). Vell dette kan eg komme meir tilbake på seinare. Vi tek alt som det kjem. Denne kvelden varte ikkje så lenge, på grunn av ein lang dag med reising. Vi var derfor slitene og gjekk heim for å søve.


Laurdag. Frokost = English breakfast. Heilt greit eigentleg. Etter ein litt vel lang 5 minutters på hotelrommet, var det tid for litt sightseeing.


Dagen var grå og regnfylt, men med god plannlegging ordner alt seg. Vi stakk på musikal. The Lion (the) King. Eg har aldri vore på musikal før, og var veldig spent. Og det hadde eg grunn til å vere! Musikalen var kjempebra, samansatt av bra musikk, store fasinerande scener, kreative og fantasifylte kostymer og flinke skodespelarar. Fleire musikalar blir det nok på meg i framtida. Kjekt! Etter denne lange musikalen var vi klare for litt god mat og endte opp på steak house. Ein kjempe fin og koslig restaurant rett ved theateret. Maten var sååå godt, og vi var stappmette når vi gjekk det i frå.

Så gjekk vi heim. Tre slitene jenter låg langflat i sengene sine, og søvna ganske fort. Neineinei, her er det noko som ikkje stemmer... søve på ein laurdagskveld i London. Nei vi tok på oss finstasen og satte kursen mot The Fabric.Vi kan vell alle seie oss einige i at vi var ganske lost ei stond, men så tok vi til fornuften å fann ein taxi som kjørte oss til det som skulle vise seg å vere slummen av London.

Fabric var noko heilt anna enn kva vi hadde forventa oss. Vi var ikkje inne lenger ein max 2 min. før vi fekk pengane tilbake og gjekk der i frå. Neste mål var piccaldelly circus. Der måtte vi jo finne noko bra, og det gjorde vi. Cafe de Paris er absolutt til å anbefale. Passleg stort og bra beliggenhet. Kom også inn på VIP. Her vart spandert på nok av sprit for å seie slik. Dette var ein kanon kveld på byen!! Girls just wanna have fun J


Vi ver heime i 5 tida, og langt ut på dagen. Deilig å vere utkvilt. Vi bestemte oss for å finne ein plass vi kunne ete frokost, og Juliane foreslo sjølvsagt Indisk mat. Joda, eg og Marte gjekk med på den. Men aldri meir! Indinska mat er altfor sterkt for min munn og ikkje minst mage. Skulle tru heile kroppen etsa opp av all den streke maten, huff.. Etter ein nokså umenneskleg frokost gjekk vi innom ein Internetcafe, der vi fekk frå oss facebook-daily-behovet vårt. Så gjekk vi vidare.


I <3 Mondays. Vertfall denne mandagen.

Tirsdag. Juliane måtte tidlig opp. Ho reiste frå hotellet i 6 tida, medan eg og Marte fekk søve lenge. Vi var ute av hotellet kl 10, og hadde framleis god tid på oss til å vandre litt rundt om kring. Vi var forventningsfulle då vi gjekk bort til London Eye, men gratis inngang hadde då stengt for 30 min. sidan, og vi bestemte oss for å ta en “Kaffi” på ein Starbucks i nærheita av Oxford Street. Det var deilig og ha god tid.

Etter å ha hente tinga våre på hotellet reiste vi inn til flyplassen, der vi hadde 4 timer på oss før flyet gjekk. Marte søv, eg skreiv kort. Flyturen gjekk veldig bra, og vi søv mesteparten av tida. Btw så er flyseta til Ryanair noko av det verste eg har vore borti. Vi var berre veldig låke i ryggen då vi var framme på Torp. Her måtte våre veger skillast, og eg tok fram min skrøplig-gamle data som lever sine siste dager. Trist.

Over 12 timar på Torp flyplass er vell ikkje noko å rope hurra for, men eit pluss skal dei ha. Gratis internett-tilgang! Det er ikkje alle flyplassar som har, og det setter eg stor pris på. Etter mange lange nattetimar var endeleg gaten min oppe, og eg var klar for å sette meg på flyet som førte meg til varmere strøk.

søndag 27. desember 2009

Pause

Heisann og hoppsann, etter ei lang blogg-pause, er eg endeleg klar til å starte på nytt. Eg er foreløbig på ferie i Norge, her eg kose meg med familie og vener i juletida. Har blitt vand med den nordlege vinterkulda, men gleder meg til å komme tilbake til Spania 20.jan. Då skal søstra mi også flytte ned saman med meg. Vi ska då flytte til eit nytt hus (Casa Eco), som ligg betydleg nærmare skulen enn den forje leiligheta mi. Så no gleder eg meg veldig :)

God Jul og godt nytt år til alle lesera :)

lørdag 14. november 2009

Terra Mitica :D

Den lille morgenfulgen vakna tidlig som vanleg. Etter fleire timar på face og msn tok eg meg ein dusj, og sykkla ned til Juliane.

Vi heiv oss på scooteren og raste av gårde til det som Juliane påsto var europas største fornøyelses park. hehe, trur ho tok litt feil i den påstanden, sjølv om det var stor og veldig fint der. Var absoulutt verdt alle pengane, og vi tok alt som var. Favoritten var sjølvsagt den største og råaste karusellen med mest loopar og mest fart :D Andre berg og dalbaner var meir tvilsomme...


Etter 5 tima med mykje gåing og mykje sjåing, var det på tide og traske heim. Vi hadde gjøymt hjelmen under nokre busker, og javisst låg den der då vi kom ut også.


Turen heim igjekk fint, og vi koste oss med eple-snacks og grease resten av kvelden (Dvs Marte og Juliane gjorde det vertfall, eg søvna som vanleg ;))

fredag 13. november 2009

Fredagskos :)

Aww, Ligg i senga mi, og der nok engang kjem Juliane og Marte stormande inn døra!:D
"Heeeeeei, no skal vi lage sunn fiskemiddag til deg, så du blir frisk!" Yeeey. Sann likar eg. Ikkje lenge etter satt vi forann tv-skjermen med fisken på fatet. NAM<3
Fredagskveldane går stort sett i tv-sjåing, då er det x-factor og senkveld som gjeld.


X-Factor

Senkveld med Tomas og Harald

Siste dagen av ferien min! Baah, ha de so kjekt joo!!!

Eg vakna tidlig, rydda rommet, for i banken, for på Nav, for på skulen, åt middag hos bestemor, besøkte mamma, besøkte Monica, og pakka til eg skulle fare.
Så kjørte eg, Lone, Anne-Marte og Henrik til farmor i byen. Der må eg innrømme eg var ganske sur og gretten pga eg rett og slett var DØNN SLITEN!! Det tok ikkje lang tid før eg slukna på sofaen , og der vart eg liggande.


Tirsdag sto eg opp tidlig og reiste til Spania igjen. Haha, møtte plutselig Nina (frå påbygg) og ein lærer (frå skulen) då eg satt og venta på flyet. Er ikkje berre eg som tek meg eit Noregsbesøk! ;)

Vertfall so søve eg heile Mandag, Tirsdag, Onsdag og Torsdag ;) hehe so spennande var det!
Fredag var eg fortsatt sliten, men tvang med sjølv på skulen, eg skal ikkje ha meir fråvær, det er ikkje bra! Då eg kom heim måtte eg berre legge meg i senga igjen, her eg ligg framleis. Har ikkje energi til noko. Kva skjer med meg?? Eg er jo Iris, eg har jo alltid energi til 1000!! Og plutselig sa det stopp. End Of Story. Dead and Gone. Eller som ein seier på moderne norsk, sann kan det GJEKK!
Go natt.
-------------------------------------------------------------------------------------


Torsdags kveld. Dritlei og trøtt. Eg låg på face då..BANG, smalt døra opp! "HAALLO!:D" Marte og Juliane kom dundrande inn døra. Med sjokolade og Epler til meg, åååå so snilt. Akkurat det eg trengte. Så låg vi alle tre i senga mi og snakka om alt som har skjedd dei siste 2 vekene. Heldigvis hadde eg ikkje gått glipp av så veldig mykje.
Var kjempekos å sjå dei igjen!! <33