mandag 2. november 2009

Torp og Skien!!:D OG CAMILLA<3<3

Ja, turen gjekk heilt fint. Eg var dødstrøtt, og haude mitt vingla til alle kanta gjennom heile flyturen, Men eg fekk i meg god mat, og var våken og opplagt då vi landa. På torp måtte eg vente ein time på bussen. Og der kom sjølvaste rektor gåande forbi meg på bussen!!! Eg måtte snu meg to gongar før eg byrja å snakke med han. Han ha visst tatt samme fly som meg, og skulle heim ein tur han også.
Vell, i skien kom Anne Lene (mora til Camilla) å henta meg. Så for vi av gårde å henta både Sandre og Camilla. Det var kjempe kjekt å sjå alle saman igjen J Trivast godt hos dei i Skien! Camilla hadde akkurat komt heim frå ein tre dagers skogstur, og var derfor litt sliten. Til middag fekk vi betasuppe, naam! Resten av kvelden gjekk med på å sjå på film at med Kim og Tim. Eg hadde ikkje søve på heile natta, så det tok ikkje lange tida inn i filmen før eg slukna, bombe det da!! hehe

Torsdag våkna eg tidlig som vanlig. Camilla derimot måtte ha litt lenger tid, så eg stjål pc’en mens eg venta på dovendyret sjølv. Sida ho hadde OD dag hjalp eg til med å rake hagen.
Må innrømme det er litt koslig å komme heim til dei fine haustfargane, men 0 grader var ikkje så populært hos meg. Eg liker meg best i varmen!!! Men skal nok klare meg i 2 veker.. ;)


Meg i hytta eg lagde :D hehehehe

Eg som ikkje skulle bruke noko særleg med pengar på denne heimturen, endte opp med å gå på shopping med Camilla! Bukse, genser, kjole, sokkar, skjal og strikkajakke endte eg opp med! (ALT på 75% daA!!)



Når vi kom heim fyrte vi i peisen og kosa oss med brownies og kakao, NORGE-KOS delux!
Deretter hoppa vi i bobblebader, og gjett kva eg såg!!!!... STJERNESKUDD!!!!! Det har eg ikkje sett sidan barneskulen, det var rett og slett driiiiiiiitkult!:D små barn, STORE gleder! Er litt på det stadiet enda.. Så eg ønska meg noko og håper på det beste !!




Klorgassen frå boblebadet var ikkje berre og berre, det føltes som tåregass pressa inn i augo. Eller så gale var det ikkje. Men nok til at vi tilslutt måtte avslutte den koslige “ligge i boblebadet og kikke på stjernene” kvelden ganske fort. Resten av kvelden vart vi sittande å slaske i sofaen forann Tv’en. Kl 0130 la vi oss til å søve, men Iris som har hatt veldig til søveproblemer i det siste fekk slettes ikkje søve, neida, ho låg å stirra i taket heit til kl 3 då eg måtte stå opp for å reise videre til gardermoen.
Roger var nemeleg så supersnill og kjørte meg til gardermoen, stor takk til han!!


Så her sitt eg .. igjen på ein flyplass, og ventar.. og ventar.. og ventar! Men er ikkje så gale denne gongen, berre føles slik. Gleder meg så sinsjukt til å overraske dei heime, har vore såååååå vanskeleg å ikkje fortelle noko, eller i det minste hinte til noko! Men i dag er dagen komen, HOLA NORUEGA! Stranda here i come! Klare nesten ikkje lenger å vente. Har ikkje søve eit minutt i natt, men no er eg så gira at eg held på å ska gå i taket! Omg, kjære klokke, please gå litt fortare!!!


Kjell er så snill og ville komme å hente meg på vigra J Så skal eg heim og hilse på farmor. Og viss Monica klare å stå opp litt tidlig i dag, så kjem ho dit og henter meg!
Så snille alle er! : )

Det første eg skal gjere er å skaffe meg ein ny midlertidig-lapp. Hoho, blir kjekt å kjøre igjen!:D
Så skal eg på skulen å skremme vettet av folk med mi fantastiske halloween kostyme! ..Neida, den skal eg spare til sjølvaste Halloween! MEN det hadde vore kult da! heheheh

Sida den store “gjømme seg, basoka, skrike ut” planen min ikkje lenger funker så bra (sidan sikkerhetsfolka på flyplassen elskar jobben sin og tok frå meg “leiketøyet” mitt), så er eg fortsatt i det tenkande hjørne. Men har foreløbig ikkje komt opp med ein ny plan! hmmm...

Mens eg sitt på gardermoen flyplass popper plutseleg “Watcha Say” sangen opp på mobilen min. Ahh mimre tilbake, mens eg ser ut vinduet. Toke og kuldegrader. Æsj, var det første eg tenkte då eg kom ut flyet...Spania etter jul, LETT! :D

Og for Marte C og Juliane viss dykk les dette innlegget, eg har ein ny plan for neste år!! :O Camilla skal nemleg gå 3.klasse neste år og planane må bli endrast! Dette slo meg ikkje før i går. Eg er eit ves, og eg veit det.

Men no ser eg flyet gli på plass i den rørtingen som alle brukar når dei går ombord i flyet. Så no er det reising på gang. Tralalalala!

“Mamma, håper kjøttkakene står klar!” hehehe

Ingen kommentarer: