fredag 13. november 2009

CUPFINALE-GULL!!!:D<3

Aafk!!!!!!!!!!!!!!!:D

Nok ei natt med rangling var over, men det var ingen grunn til å ikkje stå opp tidlig. Eg vokna opp, og rydda både loftet og kjøkkene til pappa. Det var jo farsdag. Ettersom pappa riktig nok ikkje var heime, for eg opp til Henrik, mitt kjære søskenbarn og såg den store kampen der. Dei har nemleg kino-annlegg.
Først må eg berre få sagt at eg var heilt 100% sikker på at Aafk kom til å vinne. Og det sto eg på, og slik gjekk det også!!! :D:D Det er seriøst den mest spennande kampen eg nokon gong har sett. Guri malla for ei god underholdning. Etter 2-2 målet av langemann, sto eg å hoppa og skreik i sofaen. Då var eg jammen glad!! Og etter seieren, visste eg ikkje heilt kva eg skulle seie, eg var driiiiiiiitglad!! Dette måtte også feirast.

Eg og nokre kompisar av meg stakk til byen, der det sjoa høgt i høgtalarane der vi farta rundt i Ålesunds folksomme gater. Her dundra det i all slags musikk.


Var samla over 10 000 på St. Olavs plassen, og her var stemmninga høg. Steike tid kor digg med cup-gull!!
På Mc Donalds møtte eg Pernille:D Det var kjekt å sjå ho igjen også:)


På veg heim søvna alle. gøtt.

Ingen kommentarer: