lørdag 14. november 2009

Terra Mitica :D

Den lille morgenfulgen vakna tidlig som vanleg. Etter fleire timar på face og msn tok eg meg ein dusj, og sykkla ned til Juliane.

Vi heiv oss på scooteren og raste av gårde til det som Juliane påsto var europas største fornøyelses park. hehe, trur ho tok litt feil i den påstanden, sjølv om det var stor og veldig fint der. Var absoulutt verdt alle pengane, og vi tok alt som var. Favoritten var sjølvsagt den største og råaste karusellen med mest loopar og mest fart :D Andre berg og dalbaner var meir tvilsomme...


Etter 5 tima med mykje gåing og mykje sjåing, var det på tide og traske heim. Vi hadde gjøymt hjelmen under nokre busker, og javisst låg den der då vi kom ut også.


Turen heim igjekk fint, og vi koste oss med eple-snacks og grease resten av kvelden (Dvs Marte og Juliane gjorde det vertfall, eg søvna som vanleg ;))

Ingen kommentarer: