fredag 13. november 2009

TIDENES FYLL!

Ungdomen no til dags, er ikkje berre berre.

Mamma var snill og rydda rommet mitt denne morgonen. Å ikkje nok med det, men ho lagde også den beste middagen du kan tenke deg, kun for meg! Biff og fløtegratinerte potete. Gode saker.

Etter mykje fram og tilbake og hit og dit, var eg endeleg på veg til Sykkylven. Der plukka eg opp Tove, som måtte vente 1,5 time lenger enn planlagt.. la gå.
Før vi kom oss til Kamilla, stakk vi innom Moa ein tur. Var ikkje der så veldig lenge, berre nokre småting som måtte kjøpast.

PARTYTIME
Det gjekk ei stond før vi kom i gang, men når vi først kom i gang, rista det i veggane. Her snakka vi Sing Star for full hals. Kom etterkvart ein del folk.



Etter å ha venta evig lenge på bussen, byrja eg å bli veldig bekymra for at vi hadde mista den. Men i det vi var på grensa til å fryse til is, kom bussen!

Det første eg og Tove gjorde då vi gjekk av bussen, var å kjøpe Statoil baggis!!! mmmmmmm..

Lipp var som det pleier. Va til å med litt action, vart nesten slosskamp og politie tok over heile showet. Må faktisk seie at dissa to politikvinnene er to av mine forbilete. Kanskje ein vakker dag står eg der i ei sann barsk forkledning også. Tida vil vise. hehe
Eg og Kamilla sveia oss rundt på dansegolvet som aldri før. Vi traff blandt anna Kjetil og Kjartan!! Så vi tok oss ein liten trall med Kjetil, som var i nokså godt humør! Etter fleire vellykka tima med festing, var det tid for å tusle seg heim. Men noken hadde klart å få i seg LITT FOR MYKJE drikke, og datt om. Det var ikkje så kjekt. Men politi og ambulanse folka var veldig snille, og jessda gratis skyss i politibil heim. (SUNNMØRING!;)) Hahaha, sann kan det gå.

Men vi kom oss safe heim, og hadde Nach med Kamilla, mens ho låg å søv!
Var litt daft etterkvart, men eg og Tove var ikkje trøtt, og vi bestemte oss for å gå til Kiwi for å kjøpe frokost. Då vi satt oss utan for Kiwi-døra, vart vi litt trøtte likevell, og søvna like så gjerne der! Kl 7 låste dei opp, og vi vokna til live med MAT i tankane. Bollar, sjokolademelk, godteri og frukt besto frokosten av. Ettersom hybelen var fylt opp med trøtte fyllika, prøvde vi å legge oss til rette i bilen for å søve. Det gjekk ikkje lange tida før vi det vart kaldt, og vi bestemte oss for å gå inn.

Ingenting er som fest i byen. Her blir det liv! hehee!

På veg heim stakk vi innom Moa, der vi kjøpte farsgave og BigBite mat.

Ingen kommentarer: