lørdag 5. september 2009

NO ska e endeli begynne å blogge igjen!! ;) Så då e d berre å følle me på alt som skjer her nede i Spania : )

He skjedd veldi mykje berre på den lille tida e he vør her. Blitt kjent me mange nye folk og he fått de kjempe fint både på skulen og her heime i leiligheta mi. Dei som eg leige med er suuper snille og kjøre oss til skulen kvar dag! Første veka budde eg aleine, for dei to som egentlig skulle komme, kom ikkje likevell. Men i forgårs så flytta to av jentene på påbygg inn til meg, det synes eg er kjempe koslig.
Ellers så har eg vore på byen eigentleg LITT for mykje.. Men guuud så kjekt vi har det! :) Eine kvelden mista eg kameraet da, og det var litt kjipt, for det var jo heilt nytt!! x) typisk meg når eg absolutt måtte ha med meg tinga mine. Men mobilen min har eg framleis.
Utelivet her nede er knallbra. Er masse diskotek og bara her i byen. Masse folk ute kvar dag, så det er veldig kjekt.

Badestrendene er også til å skryte av, ofte reiser vi ned ein stor gjeng og koser oss lenge med musikk og mat. Bor eigentleg litt langt unna stranda, men det er veldig billig å ta buss, så det funka alltid bra. Men bassenget rett utanfor døra er jo ikkje så verst heller da. Bruker å tilbringe mange timer der omtrent kvar dag. Og i natt når vi kom igjen frå byen, satt vi oss i boblebadet for ei stund.

I dag er første dagen det har regna litt. Det har ikkje regna på maaange veke her, så det var på tide! Synest det var veldig deilig, er vandt tmed 35 grader (minst) kvar dag her. Er nesten litt for varmt, men eg skal ikkje klage, tvert imot!

Skulen går igrunn veldig bra. Det er veldig mykje meir avslappa enn heime!! Men har hatt innlevering i norsk, og skal begynne med framføringar og prosjekt neste veke. Lærerane er kjempe kjekke alle saman, så er super fornøgd med klassa og skulen :) Faktisk så har vi stort basseng rett utan for klasserommet, kor herlig er ikkje det!??? :) Vi har ikkje brukt det enda, men der er stadig vekk elevar som ligg å plasker. I gymmen på mandag ska vi òg prøve det ut!:) Det blir deilig, er litt varmt å ha gym her må eg seie, tok ikkje eit minutt engang før svetta rann på alle x)

Skal prøve å oppdatere bloggen min kvar dag, når eg er heime vertfall. Så skal eg få kjøpt meg eit kamera så eg får lagt ut litt bilde!!

Ingen kommentarer: