søndag 27. september 2009

Fiesta i Altea :D

Fiesta veka er endeleg her! Eg, Juliane, Marte og Christine bestemte oss for å ta turen ned til Altea for å undersøke kva denne fiestane som alle snakkar om går ut på!!
Eg gjekk ned aleine, og det var ikkje så vanskeleg å finne, var berre å følgje lydane.
Etter 45 min gåing var eg endeleg framme på kirkeplassen, der dei hadde eit skodespel eg ikkje skjønna bera av. Alt var på spansk, men etter litt byrja folk å skyte me nokre "våpen" opp i lufta, så det tok ikkje lang tid før eg forstod at dei var krig dei demonstrerte! Og krigen vart jo aldri slutt, så tilslutt berre gjekk vi.




kosa oss i gamlebyen, der vi ventar på at bråket ("krigen") skal ta slutt! :P


Nydeleg utsikt!! :) Her skal eg bu i eit år!! JIPPI!!:D

Nede i Altea fann vi ein kjempebillig thai-restaurante vi satte oss ned på. Forett,hovudrett,drikke og desert til 4,5 euro = ca 40 kr!!! BILLIG! og mat/servicen var ikkje noko å klage på! Dit skal eg gå fleire gangar. :)

Thai-mat!!!<3

Ingen kommentarer: