tirsdag 7. september 2010



BLOGG

Dagane susa forbi som skye på himmelen. No har nesten 3 veke gått! Forje veke var veldig vanskleg skulemessig. Anatomi (skjelett og muskulatur på latinsk) er ikkje så lett å få inn på ei veke. Men har lest mykje, og føler eg har klart meg greit til no. Denne veka lærer vi om styrketrening, og skal blandt anna jobbe med gruppearbeid, noko eg gleder meg til.

Men vi har jo mykje fritid også. Og som sikkert alle veit, så kan eg å bruke den rett!! Viva la vida, ALLTID J Fredag var eg med på surfekurs. Det var kjeeempekjekt! Surfebrette mitt derimot har eg ikkje fått bruk for enda. Eg ventar enda på at dei store surfebølgene skal komme til Sanur, her eg bur. Om 2-3 veke skal visst forholda blir nokså bra til surfing også her!

Laurdag sto eg opp tidleg for å henge meg på dykkerkurs. Eigentleg var eg påmeldt ein kurs som skulle starte om nokre veker, men så lur som eg er, møtte eg berre opp på den første gruppa, og sjølvsagt var ikkje alle møtt opp, så då fekk eg plass på kurs 1. Heile dagen gjekk med til dykkerteori. Men det gjekk veldig greit, vi fekk til og med kjøttkaker med brun saus og kokte potete. NAM!

Ut på laurdagskvelden gjekk vi ut på restaurant å åt god mat, for så å rase vidare til BEACH PARTY! festkomiteen hadde gjort ein bra jobb, og badestranda var pynta klar til fest. Det var god stemning, og etter nokre timar bestemte vi oss for å fare ut på byen i Kuta, der det osar av 6 etasjes klubbar. å som alle andre kveldar, tok også denne kvelden heilt av!! Turen heim med taxi var også veldig kjekk! Vi var i godform, og laga nok underhaldning for taxisjåføren. Norske sangar falt i smak.¨

Søndagsmorgon var det på ann igjen. Sto opp kl 0814 (FLINK;)), åt frokost og kom meg på dykkerkurs. Denne gongen var vi klar for å entre bassenget. Vi brukte heile 6 tima i bassenget der vi gjorde ulike øvelsar, og vart kjend med utstyret. Når kl 1800 var vi endeleg ferdig med dykking og teori!! ... Sliten og trøtt då med andre ord. Men etter ein frisk dusj, bobla energien igjen, og eg stakk bort til nabojenten der vi dansa, spelte kort og berre tulla. Men skal seie eg søv god når eg først la meg til å søve. Deili!

Mandag var det på ann på ny veke. Vi begynte skulen kl 12 :D og var ferdig kl 1400. Ikkje feil det nei! ;) Etter det åt vi på restaurant, spelte kort og bordtennis. Vi klare til og med å konserntrere oss litt, og fekk gjort unna litt lesing.
På kvelden bar det til treningsentere som vi har tilgang til når vi vil, der eg deltok på yogatime (noko eg har tenkt å fortsette med), så avslutta vi med litt styrketrening på slutten.


Vi har nok å gjere her på Bali, aldri kjedleg! Men FAKTISK så syns eg at sola blir LITT for varm til tider, tilsaman på 3 veker har eg kun løgge i sola i 1 time! Får nok av varme i skyggen, og brunfargen stressa eg ikkje med i det heile tatt! Har framleis fleire veke igjen! Gleda meg faktisk til å komme heim til Noreg. Snø og kulde.. og ken skulle trudd eg sa det. Men tru faktisk det blir veldig digg etter å ha vore her i 3 mnd. Ventar enda på returdatoen min, så er hyppig å sjekka mailen min ofte for tida. Gleder meg kjempemykje til å jobbe som reiseledar i Alpane i vinter!! Hohoo.



Nok ei veke er over. SJUKT! skjønna ikkje kor tida blir av, eg har allerede vore her i 4 helge! Om veka så var:

Tirsdag hadde vi store plana om å stikke på fotballtrening etter at vi hadde lest, å ete på restaurante. Cecilie skulle berre skifte kle (noko som tok si tid), og når vi kom ut igjen hadde alle føre. Sida fotballtreninga på tirsdagar er 30 min unna, gadd ikkje vi å bruke pengar på taxi. Kvelden gjekk med på bordtennis, One Three Hill sjåing og youtube. Sann kan det gå :P

Onsdag: Etter skule og trening, stakk eg til Kuta der eg møtte Rikke og Anne-Marte :D Det var kjekt å sjå dei igjen, og høre korleis dei har det på Gateway J Vi åt på pizzahut og gjekk rundt på kjøpesenteret. Koslig!

Torsdag: Har ikkje trena so mykje på mange år!! Når skulen var over for vi til treningssenteret der vi trena styrke i mage, legg, lår, rygg, armar og bryst. Og ikkje nok med det, på kvelden var det fotballtrening frå 5-hal7! SLITEN med andre ord. Skal seie eg fekk søve godt den natta. Deilig å få kjørt seg litt ;)

Fredag klarte eg å drage med meg Ekta og Cecilie til kjøpesenteret der eg klarte å svi at nok med peng. Eg kjøpte meg 5 treningstoppar, 2 treningsjakker, 1 par fotballsko, 1 sekk , 2 caps’a og 1 sportsbh. Alt dette for under 1000 lappen var ikkje so gale! Men det var noko eg faktisk trengte, så no skal eg ikkje kjøpe noko meir på leeeeenge vertfall : )
Fredagskvelden gjekk med til å berre slappe av og sjå på One Three Hill med Cecilie.

Laurdag var det på ann igjen med dykking! :D Åååå eg elskar dykking! Denne dagen var det første dykket i sjøen, spennande! J Vi var samla heile tida, og øvde på ulike øvelsar på overflata. Vi var nede på 7,8 meter. Sjøen/havet er så sjuukt spennande. Berre på den “kjedlege” plassen vi dykka på såg vi mykje forskjellige fiskar (det er litt meir eksotiske fiskar her enn den torsken vi har i Noreg) og sjøstjerner. Gleder meg allerede til dei 3 dykka vi skal ha neste helg!! Då satsar eg på å sjå hai, noko som er ein stor drøm :D Eg svøm ikkje opp til overflata igjen før eg har sett hai! Sann er det berre!
Då eg kom heim drog Kristina meg med til ein kakebaker der vi kosa oss med brownie og sjokoladeis, NAM!
Seinare på dagen måtte eg sjølvsagt ha min daglege dose med ettermiddagskvil før eg og Marte rasa ut på byen.
Laurdag = fest. Det tok ikkje lang tid før vi fann eit vors, nemleg på klasserommet. Kvifor ikkje!?:P og so ivrige som vi var, var vi på uteplassane i Kuta allerede kl 21!
Og ein kveld ute i Kuta slår aldri feil, eg hadde det kanonakjekt! Og om ein kan kalle Alfaz “lille Norge”, då lurer eg på kva vi skal kalle Kuta på ein laurdagskveld! Det kryyyr jo av norske studentar, norske barar og vi møtte òg ein norsk DJ.
Normenn er verdensherskarar!
Etter ei lang, men samtidlig kort natt avslutta vi med nattmat på Mc’eren. Ikkje det at eg er så stor fan av McDonalds, men eg blir alltid nedstemt...
Kl 0515 var eg vertfall komt att, og søvna jammen og det fort. Kl 0915 var det opp igjen til ein ny dag og BADELAND.

Badeland er kjempekjekt, alltid! :D Vi tok mange kjekke sklier, men den verste var ein der ein måtte stå inni eit lite “rom”, der ein venta i 2 sek, før golvet opna seg og ein datt ned i ei sklie i ei raskande fart! Superartiiiiiii.
Til middag åt eg snitzel, nam nam, var svært mettande. Og no ligg eg her kl 2300 på senga, har akkurat våkna opp frå ein 7 timers ettermiddagsøvn!!! Kristina (min romkamerat) er overbevist på at eg ikkje får søve i natt, men der tru eg ho tek feil, eg er nemeleg stuuuptrøtt enda, skjer med meg?? Bali er slitsomt, slik er det berre :P

Bloggen min har blitt litt kjedlig med tanke på at eg aldri lastar opp bilder, internett her er veldig treigt, og det tek timesvis å laste opp. Sjekk derfor ut Bali album på facebook ;)

Go natt : )

Ingen kommentarer: